| HEIM | YNGRE JERNALDER | Vikingtid kvinne mod. B |
 

VIKING KVINNEDRAKT mod. Haithabu

 
 

Rekonstruksjonen tek sikte på å representere siste halvdel av vikingtida, og tek utgangspunkt i fragment av selekjole frå Hedeby.


Selekjole i ullkyper (utan plissering), formsydd, med kilar i sidene , innsydde vertikale dekorvulstar ("darts") (basert på funn frå Hedeby) i ryggen. Kjolen er sett saman av fem delar, inklusiv to kilar. Kjolen har hemper i lin (som var det vanlegaste i vikingtid), og går slik i eitt med serken heller enn kjolen.

Serken er av ufarga, ubleika lin, fotsid med lange, trange ermer og har sidekilar frå livet ned, og halsslisse. Halsopninga og ermene er kanta med tvinna/fletta mangefarga snorer.

Yttarst er ei kappe i tjukk ullkyper, kanta med mårpels (imitasjon).

Hovudlin, ufarga og ubleika, kanta med tvinna mangefarga snorer.

Sko, reimstøvel av Hedeby-type.

Til drakta høyrer vidare:

- dobbeltskala, ovale spenner basert på C 3579 frå Strømsund, Nes i Akershus (Rygh 652), med perleoppsetting.

- rund spenne i halsen basert på B 5800, Ytre Arna, Hordaland

- treflika spenne til kappa, basert på C 22510 Vågstad, Akershus.

- Lykkjel basert på C3489, Gjøvik, Oppland (Rygh 454).