| HEIM | YNGRE JERNALDER | Viking kvinnedrakt mod. A |
 

VIKING KVINNEDRAKT mod. A

 

 

Rekonstruksjonen tek sikte på å representere tidleg vikingtid i Vest-Noreg.


Selekjole i ullkyper, samansett av tre delar. Lausare og mindre formsydd enn modell B og C. Kjolen har selar i lin (som var det vanlegaste i vikingtid), og går slik i eitt med serken heller enn med kjolen. Kjolen er kanta øvst brikkevove band.

Serken er av ufarga, ubleika lin, fotsid med lange, vide ermer og har sidekilar frå livet ned, og halsslisse. Halsopninga og ermene er kanta med tvinna mangefarga snorer.

Yttarst er ei kappe i tjukk ullkyper, kanta med mårpels (imitasjon).

Hette i ullkyper, basert på hettefunnet frå Dublin, kanta med tvinna mangefarga snorer.

Sko, reimstøvel av Oseberg-type.

Skålforma spenner av overgangstype (R 645/B 3134 Nes, Luster k., Rundquist's type TT), med perleband mellom (andre spenner på biletet)

Rund spenne i halsen.

   

Reimstøvel basert på eitt av skopara frå Osebergskipet.

Før omlag 750-800 e.Kr., i bronsealder og i jernalderen, var bronsestøyping og smykkeproduksjon truleg knytte til rike hushaldningar rundt i landet. Med framveksten av dei fyrste byane, Hedeby, Birka, Ribe og Skiringssal, frå omlag 750, vert dette handtverket eit byhandtverk. Spennene frå Nes i Luster, B 3134, høyrer til mellom overgangstypen TT (Rundquist), og kan moglegvis seiast å representere slutten på ikkje-urban smykkeproduksjon. Den etterfølgjande generasjonen spenner, Berdal typen, framstår som mykje meir einsretta, kopiert og masseprodusert. Støypeformer til Berdalspenner er funne i dei eldste byane.

     

Støypeformer til ovale spenner (replika).