| HEIM | YNGRE JERNALDER | MEROVINGARTID KVINNEDRAKT |
 

MEROVINGARTID KVINNEDRAKT

 
 

BILETE KJEM SNART!

Rekonstruksjonen tek sikte på å vere ein direkte forløpar til drakta i vikingtid, og altså den første selekjolen.


Selekjole i diagonalvoven ull (utan plissering/gaufrering), lausare og mindre formsydd enn vikingtidsdraktene. Kjolen har hemper i lin (som var det vanlegaste i vikingtid), og går slik i eitt med serken heller enn kjolen. Kjolen er kanta øvst med tvinna/fletta mangefarga snorer.


Serken er av ufarga, ubleika lin, fotsid med lange ermer og har sidekilar frå livet ned, og halsslisse. Halsopninga og ermene er kanta med tvinna/fletta mangefarga snorer.


Yttarst er ei kappe i tjukk, tova ull, kanta med mårpels (imitasjon).


Sko, reimstøvel av Oseberg-type.


Selekjolen kan haldast oppe med fuglespenner, eller forløparane til dei skålforma spennene (enkle, glatte, eller dei rikt dekorerte Rygh 643). Om fuglespenna ikkje vert brukt i selane, kan ho brukast i halslinninga på serken eller som kappespenne. Her er inkludert to rikt dekorerte R643, ei fuglespenne i halslinninga og ei fjerde spenne til kappa.