| HEIM | YNGRE JERNALDER | mod. VANGSNES |
 

VIKING mod. VANGSNES

 
 

Modell Vangsnes skal representere den seine vikingtida, 950-1000. Til drakta høyrer ein ankelsid serk i ubleika lin, kanta med tvinna snorer i blåtonar. Over er ein selekjole i vaidblå, tova diagonalvoven ull, med selar i same stoff, og plissering øvst i bringa. Mellom selane går eit brikkevove band med to tvinna ullsnorer i blåtonar på kvar side. Til føtene høyrer eit par reimstøvlar basert på funn frå Oseberg. Til hovudet høyrer ein hovudduk i lin, kanta med tvinna ullsnorer. Siste plagget er ei rektangulær kappe i tjukk, tova grøn ull, kanta med sølvrevpels (imitasjon).

Til drakta høyrer vidare dobbeltskala, ovale spenner basert på C 3579 frå Strømsund, Nes i Akershus (Rygh 652) (biletet viser andre spenner). Kappa vert helden på plass av ei treflika spenne.

Arkeologiske utgravingar av eit gravfelt på Køstrup på Fyn i Danmark har gjeve eit vesentleg bidrag til rekonstruksjon av vikingtidas kvinnedrakt. Grav ACQ inneheldt restane av ei kvinnegrav ed ovale spenner, eit skrin, perler, ein kniv med slire, lykkjel, og tekstilrestar. Mellom tekstilfragmenta er delar som kan rekonstruerast som øvste frontpartiet av ein selekjole. Kjolen har hatt eit parti med plissering mellom stroppane, og eit brikkevevd band med fleire tvinna snorer spent ut mellom stroppane.

Fragment med plissering, frå selekjole, Køstrup grav ACQ.

 

 

 

Fragment med plissering, frå selekjole, Vangsnes, Vik k., Sogn og Fjordane (B 5625).

 
Fragment med plissering, frå selekjole, Vangsnes, Vik k., Sogn og Fjordane (B 5625). Saman med fragmentet låg ovale, dobbeltskala spenner av typen Rygh 652.
 

C 3579 frå Strøsund, Nes i Akershus (tilsvarar Rygh 652).