| HEIM | ELDRE JERNALDER | ROMARTID MANN |
 

ROMARTID MANNSDRAKT

 

 

 

Rekonstruksjonen byggjer på draktfunna frå Lendbreen og Thorsbjerg.

Stoffet i bukse og kjortel er diagonalvoven ullkypert, 11-12 trådar per centimeter. Til kappa vert brukt ein noko grovare og tjukkare ullkypert, med ruter.


Drakta omfattar trange bukser type Thorsbjerg og kjortel type Lendbreen. Kjortelen er kanta med prydsaum som på orginalen.

Yttarst er ei rektangulær kappe.

Lærbelte med skulderstropp og bronsedelar basert på funn frå romartidsfunn frå Sogn. Spenna er basert på B4963, Slinde i Sogndal k., reimbeslaget basert på Grimhellaren, Gulen k.

Lærbelte til buksa med enkel beltespenne av eldre jernaldertype.

Ei enkel spenne basert på B 1347 Olde, Voss k., held kappa på plass.

 


Til sko er brukt den enkle "Kvitingkjøl" typen kjend frå bronsealder til vikingtid.

 

Drakta kan leverast med ei stor mengd tilleggsutstyr: praktbelter, våpen mm. Ta kontakt for forslag og pris!