| HEIM | ELDRE JERNALDER | FOLKEVANDRINGSTID MANN |
 

FOLKEVANDRINGSTID MANNSDRAKT

 

 

Rekonstruksjonen byggjer på draktfunna frå Högom, Evebø og Thorsbjerg.

Stoffet i bukse og kjortel er diagonalvoven ullkypert, 11-12 trådar per centimeter. Tyngdepunktet for bevarte tekstilar frå norsk folkevandringstid ligg på 12 tr/cm. Til kappa vert brukt ein noko grovare og tjukkare ullkypert.


Drakta omfattar trange bukser type Thorsbjerg og kjortel type Högom. Kjortelen er kanta med brikkevovne band. Erma er splitta og har hektespenner.

Yttarst er ei kappe kanta med mårpels (imitasjon) eller brikkevovne band.

Lærbelte til kjortelen med beltespenne i bronse, kopi av ei spenne frå Sem vestre, Grong k.

Lærbelte til buksa med enkel beltespenne av eldre jernaldertype.

Ei stor krossforma spenne held kappa på plass.

I ermene på kjortelen er hektespenner med knappar (Hines type B) basert på spennene frå Eikeland, Time k., Rogaland (S 9181).


Til sko er brukt den enkle "Kvitingkjøl" typen kjend frå bronsealder til vikingtid (på biletet har mannen "vikingsko").

 

Drakta kan leverast med ei stor mengd tilleggsutstyr: praktbelter med eldstein og knuskdås, våpen mm. Ta kontakt for forslag og pris!

Kappespenna er replika av ei spenne frå ei rik mannsgrav i "Guhaugen" på Hove, Vik k., Sogn og Fjordane (Rygh 250, B 560, 16,5 cm).