| HEIM | ELDRE JERNALDER | FOLKEVANDRINGSTID |
 

FOLKEVANDRINGSTID

 

Rekonstruksjonen tek utgangspunkt i "peplos"-kjolen frå Huldremose II, og det faktum at draktspennene i folkevandringstid er plassert parvis på skuldrane (ikkje lågare på brystet som i yngre jernalder).


Kjolen er laga i ullkyper, med same måla som Huldremose II. Kjolen er då lang nok til at det karakteristiske overhenget, apoptygma (frå den greske peploskjolen), vert danna øvst. Kjolen er kanta i øvre kant med eit brikkevove band. Kjolen vert samla i livet av eit enkelt belte i lær eller ull, eller eit brikkevove band.


Under kjolen er ein fotsid serk med lange ermer av ullkyper. Halsopning og ermeopningar har prydsaum. Ermene har brikkevovne band og splitt som vert lukka med hektespenner.


Yttarst er ei kappe i tjukk ullkyper, kanta med bjørnepels (imitasjon).


Til sko er brukt den enkle "Kvitingkjøl" typen kjend frå bronsealder til vikingtid.


To mindre krossforma spenner held kjolen oppe, (Måge eller Rongve) medan ei større krossforma spenne (Stedje) held kappa. I ermene på serken er spiralhektespenner av sølv (Hines type A) basert på spennene frå Riskedal, Rogaland (S 2587).