| HEIM | BRONSEALDER | MANNSDRAKT |
 

BRONSEALDERDRAKT - MANN

 

Drakta med smykke er meint å representere eldre bronsealder.

I kombinasjon med yngre smykke og våpen kan same drakta representere mannsdrakta i yngre bronsealder.

Rekonstruksjonen tek utgangspunkt i draktene frå Trindhøj og Guldhøj Danmark. Drakta kan leverast i mørk brun (biletet), lys brun og naturkvit.

Den nyreforma kappa og omslagskofta er laga etter mønster frå Trindhøj.

Hua kan leverast i to utgåver - ei høg basert på Trindhøj, eller ei låg basert på Guldhøj.

Skoa er replika av Kvitingkjølskoen som nyleg dukka fram frå brekanten i Oppland.

Eit minimum av såkalla dobbeltknappar og tutuli i bronse trengst for å halde kofte, kappe og belte på plass.

Drakta kan leverast med ei mengd anna utstyr, våpen og smykke (sjå www.bronsereplika.no).