| HEIM | BRONSEALDER | DRAKT MED SNORSKJØRT |
 

BRONSEALDER - DRAKT MED SNORSKJØRT

 

 

Drakta med smykke er meint å representere perioden 1500-1100 f.Kr, i eldre bronsealder.

Rekonstruksjonen tek utgangspunkt i draktene frå Egtvedt, Borum Eshøj og Skrydstrup i Danmark (skjørt, skjorte og belte). Drakta kan leverast i mørk brun (biletet) og lys brun.

Det særprega skjørtet er best kjendt frå Egtvedtgrava, men finst også i fragment frå ei mengd andre funn. Bronsefigurinar frå yngre bronsealder viser tydeleg at snorskjørtet vart brukt gjennom heile bronsealder.

Belteplata er replika av eit funn frå Tjøtta, Klepp på Jæren.

Skoa er replika av Kvitingkjølskoen som nyleg dukka fram frå brekanten i Oppland.

Drakta kan leverast med ei mengd anna utstyr og smykke: dolkar, kammar i bein eller bronse, ulike spenner, tutuli, armband mm (sjå www.bronsereplika.no).

I kombinasjon med yngre smykke kan same drakta representere kvinnedrakta i yngre bronsealder.

Snorskjørtet er laga av ull frå norsk villsau.

Snorskjørtet er eit omslagskjørt som rekk nesten to gangar rundt hoftene.