| HEIM | BRONSEALDER | DRAKT MED ETASJESKJØRT |
 

BRONSEALDER - DRAKT MED ETASJESKJØRT

 

 

Drakta med smykke er meint å representere perioden 1500-1100 f.Kr, i eldre bronsealder.

I kombinasjon med yngre smykke kan same drakta representere kvinnedrakta i yngre bronsealder.

Rekonstruksjonen tek utgangspunkt i drakta frå Borum Eshøj og Skrydstrup i Danmark (skjørt, skjorte og belte). Drakta kan leverast i mørk brun (biletet) og lys brun.

Det særprega skjørtet er kjent både frå Borum Eshøj og Skrydstrup, og bæremåten er omstridd. Det er snakk om eit særs stort plagg, i prinsippet likt peploskjolen frå eldre jernalder, men kortare og med mykje større vidde. Det mest overtydande løysingsforslaget er å bruke plagget som eit "etasjeskjørt" slik som på biletet.

Spenna på bringa er replika av eit funn frå Rege, Klepp på Jæren.

Belteplata er replika av eit funn frå Tjøtta, Klepp på Jæren.

Skoa er replika av Kvitingkjølskoen som nyleg dukka fram frå brekanten i Oppland.

Drakta kan leverast med ei mengd anna utstyr og smykke: dolkar, kammar i bein eller bronse, ulike spenner, tutuli, armband mm (sjå www.bronsereplika.no).