I løpet av 500-talet skjedde det eit vesentleg skifte i kvinnedrakta i Skandinavia. Arkeologisk ser me dette tydelegast ved at spennene vert flytta frå skuldrane til ned på brystet. Mest truleg vart ein selekjole, smokkr, som me kjenner frå vikingtid utvikla i skiftet mellom eldre og yngre jernalder. I tillegg reknar ein med at bruken av lin skyt fart, og at ein no får skjorte (undertunika) og serk (underkjole) i lin. Det er også sannsynleg at selekjolen vert gradvis meir formsydd utover i yngre jernalder. Dei fire kvinnedraktene er meinte å vise denne utviklinga.
|
|

|

|

|
|

|
|